Velkommen til Åsmund Fregdegjeva – Folkemusikalsk forteljarkonsert på Bø Museum onsdag 12. oktober kl 19
Ein folkemusikalsk forteljarkonsert med Ingebjørg Lognvik Reinholdt, bygd over balladen om Åsmund Fregdegjeva. Ingebjørg blandar forteljarkunst og kvedarkunst i denne soloforestillinga, der ho tek deg med inn i ei anna tid, med helten som seglar over havet for å redde jomfrua og kjempe mot gygrer og all slags magiske skapningar.
Vi startar programmet med ei innleiing ved Sigrid Aksnes Stykket. Kaffi og kaker, inngang kr 100
Foto: Kulturfotografen AS