onsdag 21. juli, kl 10:00
Bø Museum

Bø museum – Aktivitetar og folkedans på Kvennøya

Dato og tid: 21. juli kl. 10:00-14:00 
Bø museum – Aktivitetar og folkedans på Kvennøya for barn mellom 8 og 12 år

Denne dagen får barna moglegheit til å leve seg inn i livet på Kvennøya i gamle dagar. Det blir aktivitetar knytta til lokale forteljingar, eventyr og kulturhistorie. I andre del av dagen blir det introduksjon til folkedans. Her kan barna prøve seg på blant anna halling og hallingkast. Aktivitetsdagen er gratis.

Påmelding: Send SMS til Birgitte Storaker på tlf. 93608799 med dato, barnet sitt namn og alder. Påmelding seinast innan kl. 12.00 dagen før arrangementet, gjerne tidlegare. Merk at ein kan delta på både aktivitetsdag 1 og aktivitetsdag 2 i løpet av sommaren. Førstemann til mølla.

Ta med eiga matpakke til føremiddagsmat. Alle får vaffel og saft.

Kontaktperson: Museumsvert Birgitte Storaker, tlf. 93608799

Datoonsdag 21. juli
Tidspunktkl 10:00 - 14:00
StedBø Museum
Adresseoterholtvegen 148, 3802