Torsdag 26. november kl 13-19 er butikken på Pakkbua open med sal av Bø-kalenderen 2021.
Du kan også få kjøpt tidlegare årgangar av kalenderen. I tillegg er det gode tilbod på bøker denne dagen; innan folkemusikk, kulturhistorie og lokalhistorie, både nyare og eldre litteratur.
Mange av bøkene finn du også i nettbutikken Aaheim Landhandel, https://aaheimlandhandel.no/.
Bø Museum vil legge til rette for ein «koronavenleg» handel, og ein ser helst at det blir betalt med kort eller vipps.