Opplev Vigdis Hjorth, Cathrine Knudsen, Inger Bråtveit og Roskva Koritzinsky i litterære samtaler på festivalopning 5. mai!
Årets festival har tema tru under tvil, og dette blir utforska gjennom både religiøse og eksistensielle spørsmål, så vel som kunstnariske. Om tru og tvil i dikting, å ha tru på seg sjølv, på menneska rundt seg, og å tvile i trua. Når alt ein har trudd på plutseleg viser seg å ikkje vere sant – kva då?
Sjekk ut heile programmet her
Til fredagens festivalopning har vi gleda av å presentere Cathrine Knudsen og Roskva Koritzinsky i litterær samtale, samt Inger Bråtveit i samtale med Vigdis Hjorth om roman Femten år. Den revolusjonære våren (Cappelen Damm, 2022). Det vil også bli opplesning ved årets forfattarstudentar ved Forfatterstudiet i Bø, og musikalsk innslag ved munnharpespelar Simen Roheim Iversen. Forfattar Inger Bråtveit vil leie oss gjennom kvelden.
Storsalen, Gullbring
Kl. 19.00
Billettar kr 200/100 (elev, student)