lørdag 6. mai, kl 11:00

Bøker i Bø // Haugianerne. Enevelde og undergrunn

Kunnskap til frukost: Morgonfuglar får frukostservering og eit møte med Eli Morken Farstad i samtale med Trygve Riiser Gundersen om boka Haugianerne.

Arrangementsstart 11.00 på Midt-Telemark bibliotek.

Bøker i Bø er glade for å få besøk av forfattar Trygve Riiser Gundersen, som i ei samtale med historikar Eli Morken Farstad vil presentere si nyaste utgjeving Haugianerne. Enevelde og undergrunn (Cappelen Damm, 2022).

Den kritikarroste boka, som også fekk Brageprisen i kategorien sakprosa, er omtala som medrivande, innsiktsfull og annleis historieskriving, om den heilt avgjerande tida i den norske historia då Hans Nielsen Hauge reiste rundt i Noreg og fekk i gong vekkinga som etter kvart vart til den store Haugerørsla.

I Haugianerne. Enevelde og undergrunn tek Trygve Riiser Gundersen oss med tilbake til tida då Haugerørsla vart etablert: Kva slags rørsle var eigentleg haugianismen? Kva røynsle sprang ho ut av? Kva var staten og embetsmennene så redde for den gongen? Boka er ei ny fortolking av ein av dei viktigaste og mest omtala fenomena i den moderne norske historia, ho gir også eit nytt bilete av det norske samfunnet og den norske folkelege kulturen rundt 1800. Da, som no, ei verd prega av uro, endring, rastlause og motstand.

Trygve Riiser Gundersen (f. 1970) er forlagsredaktør, forfattar og kritikar. Riiser Gundersen har arbeida med haugianarane og 1700-tallets kulturhistorie i ei årrekke, og har tidlegare gitt ut tekstar om bok og lesehistorie i Norge, norsk pressehistorie og framveksten av norsk offentlegheit før 1814.

Eli Morken Farstad (f. 1991) er historikar og stipendiat i kulturstudiar ved Universitetet i Søraust-Noreg, avdeling Bø. Ho jobbar med ei avhandling om religionens rolle i norske landdistrikts politiske kultur før 1850.

Velkommen!

Datolørdag 6. mai
Tidspunktkl 11:00 - 15:00