Bø Museum og Bø Ungdomslag inviterer til bokkveld på Sandvin (Sandvinvegen 14, Bø) torsdag 15. oktober.
Halvor Kleppen og Halvor Ulvenes vil presentere bøkene sine, og dei blir bokbada av bademeister Kristian Ihle Hanto. Jenter frå Bø juniorspelemannslag spelar.
Halvor Ulvenes har nå ferdig bok nr 3 i serien “Det hende i Telemark”. Det er historier om dåd og udåd fortalt i Varden.
Halvor Kleppen har i haust kome med boka “Dei kom i lufti – ballongen 1870”. Denne rikt illustrerte boka er historien om den lengste bemanna luftferda i verda til da, og den første bemanna luftferda over Noreg. Her er bakgrunnen for den den fransk-prøyssiske krigen, den dramatiske ferda 25. november 1870 og berginga av franskmennene i Seljord.
Signering og sal av bøker. Sal av kaffi og kaker. Arrangementet tek omsyn til gjeldande smittevernreglar. Inngang kr. 100,-. Dørene opnar kl 18.15.