Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal kom saman for fyrste gong i 1989 for å spela under opninga av BI i Sandvika kvar for seg. Sidan dei var samla, prøvde dei seg på litt samspel. Det gjekk over all forventning, og den vidare historia er eit eventyr av ei karriere.
Bukkene Bruse har gjeve ut fem album, har vunne Spellemannpris og motteke Prøysen-prisen. Det har no gått 33 år sidan dei fyrst møttest i samspel, og åra etter har vore stappfulle av musikk og ulike slags musikalske prosjekt for alle dei tre musikarane. No kjem dei til Nye Sjodar med instrumentkassene fulle av speleglede for å gjeve oss nye opplevingar med gamle låter.
Annbjørg Lien – hardingfele, nyckelharpe,
Arve Moen Bergset – kveding, fele og hardingfele,
Steinar Ofsdal – fløyter
OBS! Dørene opner kl 17:30 med konsertstart kl 18:00!
Billettpris 335,-