I dette foredraget vil Ellen Schrumpf snakke om korleis drikkeskikkar og alkoholkonsum utvikla seg i Telemark på 1800-talet etter at brennevinslova av 1816 gjorde brennevinsbrenninga på bygdene fri.
Det dreiar seg om konsum og drikkeskikkar i byar og bygder, i kyst-fylket og indre delar av fylket, i overklassa og blant bønder og underklassa i bygdene og byane. Ho tar utgangspunkt i Eilert Sundts undersøking av «ædruelighedstilstanden» i Norge frå slutten av 1850-tallet og stiller spørsmålet om telemarkingane var berarar av heilt spesielle drikkeskikkar.
Ellen Schrumpf er professor emerita i historie og har skrive om barnearbeid, foreldreskap, Gunnar Knudsen og om Porsgrunns og Telemarks historie.
Inngang kr. 120,- inkl. enkel servering.
Les meir om foredraget med Ellen Schrumpf på Bø Museum