onsdag 27. november, kl 19:00
Bø Prestegard

Et fugleperspektiv på nye Midt-Telemark Kommune -Bø Prestegard

ET FUGLEPERSPEKTIV PÅ NYE MIDT-TELEMARK KOMMUNE
– Lysbildeforedrag ved Morten Rask Arnesen og Kjell Bitustøyl

 

Bø og Sauherad kommune slår seg saman til Midt-Telemark kommune frå nyttår av.  Det får mange ulike konsekvensar, og det gjev oss eit historisk høve til å sjå med nye briller på Bø og Sauherad som eitt område. Kommunegrensa har aldri vore viktig for fuglane, dei flyg att og fram. Kan det nye grenslause området skape grobotn for ein ny felles identitet? Eitt perspektiv kan i alle høve vera å sjå på fuglelivet i den nye kommunen. Kva veit me eigentleg om fuglelivet i Midt-Telemark? Kva for artar er vanlege, kva for artar er sjeldne? Har den nye kommunen nokon karakterfuglar? Kva med fuglelivet i høve til dei ulike årstidene? Er det store forskjellar mellom Bø og Sauherad? Har det skjedd endringar frå 1970-tallet og fram til i dag? Og kan me sjå effektar av klimaendringar? Dette er nokre av spørsmåla ein vil prøva å gje svar på.

Foredraget med lysbilde vil ta for seg et breitt spekter av artar og setje dei ulike fugleartane i perspektiv i forhold til tid og landskap.

Morten Rask Arnesen (fuglekjennar) og Kjell Bitustøyl (fotograf) har kunnskap om fuglelivet heilt tilbake til 1970-tallet i dei to kommunane.

 

Velkomen!

 

Datoonsdag 27. november
Tidspunktkl 19:00 - 23:00
StedBø Prestegard
AdressePrestegarden i Bø