lørdag 1. juni, kl 18:00
Evju Bygdetun

Evjuspelet 2024

evjuspelet 2024, plakat,

Endeleg er Evjuspelet tilbake!

Komedien «Lars Anders og Jan Anders og borna deira» blei sett opp på Sjodar i 1922, med sjølvaste lærar Jon Evju i ei av rollene. Komedien er nå omarbeida og tilpassa som musikkspel ute på Evju Bygdetun 1. og 2. juni 2024.

Ein bygdekomedie i tre akter; om ein skigard som aldri blei ferdig, om den innbitte krangelen mellom husmennene Jan Anders og Lars Anders og den ulykkelege kjærleiken mellom borna deira. Vi får høyre nidvisa om dei late kranglefantane, om Jonas som beilar til enka, tjuvmjølking og farskapsdrama med svarteoksen og dei raude kyrne.

Originaltittel: «Lars Anders och Jan Anders och deras barn» frå «Svenska bondepjeser» av Gustaf af Geijerstam.

Manus og songar: Roar A. Klever Bøye basert på Oskar Braaten si omsetjing til nynorsk.

Pris: 250 kr (vaksne) 100 kr (7-20år) + bill.avg.

Klikk her for billettar til Evjuspelet 2024

Datolørdag 1. juni
Tidspunktkl 18:00 - 20:00
StedEvju Bygdetun
AdresseSætrevegen 44, 3810 Gvarv