Jan Landsverk frå Sauherad høyrer til blant dei mest kunnskapsrike fuglefolk me har i fylket, han er òg ein framifrå fuglefotograf.
Jan har reist mykje rundt omkring i verda for å sjå på fugl, då har han hatt med seg familien. Ikkje så rart då kanskje at sønene går i farens fotspor. Innafor BirdLife-systemet kjenner me best til Erlen Landsverk, som er levande opptatt av det lokale fuglelivet i Sauherad og har delt sin kunnskap om fugl i form av lytteturar, han har delt kunnskap om fuglesong m.m . No har faren Jan Landsverk sagt ja til å dele noko av opplevingane sine frå det rike fuglelivet i Finnmark, og særleg Aust-Finnmark der han har vore fleire gonger.
Arrangør: BirdLife Indre Telemark