Velkomen til konsert med hardingfelespelar Ottar Kåsa og bratsjist Nora Taksdal med konsertprogrammet «HILDUR»
Kåsa og Taksdal vil utvikle eit konsertprogram i lag, der dei vil presentere utvalt repertoar med kjerne i Ottar Kåsa sine forskjellige slåttar. I samspelet vil Nora Taksdal supplere og «utfordre» gjennom ein meir klassisk orientert tilnærming.
I konsertprogrammet vil dei og formidle korleis idéen om ein hardingbratsj vart til, og fortelje om forskjellar og likskap mellom hardingfele og hardingbratsjen, samt berøringspunkt og kontrastar mellom utvalde verk innanfor folkemusikk og klassisk musikk.
Repertoaret for konserten vil veksle mellom solo-spel frå kvar av utøvarane og spel i duett. Nora Taksdal vil presentere eigenlærte slåttar som vil presentere hardingbratsjen sin eigenart. Ho vil gå i lære hjå utøvarar som Knut Buen, Johanne Flottorp og Ottar sjølv. Ei slik besetning med hardingfele og hardingbratsj har verda aldri opplevd før!
I 2019 tinga ho ein heilt unik hardingfelebratsj av felemakar Ottar Kåsa. Hardingbratsjen fekk namnet HILDUR etter Taksdal si mormor, og vart ferdig hausten 2021. Nora Taksdal er dermed verdas einaste utøvar på hardingbratsj.