lørdag 27. mars, kl 12:00
Hollane Seter

Hollane Skifestival 2021

Laurdag 27. mars kl. 12 skipar Høllènn I.L hopprenn på Hollane seter.

På setra kan ein få kjøpt seg noko godt å ete og drikke. Hollane ligg om lag 8 kilometer frå parkeringa på Jønnbu, og kan nåast på ski via godt preparerte og merka løyper.
Bakken passar både for den djerve og den meir forsiktige hopparen. Tevlinga blir avgjort over to omgangar. Hopping skjer på eige ansvar.

Festivalen blei fyrst arrangert i 2017. Bakkerekorden på 21,5 meter blei sett av Ola Kili og Torbjørn Sanden under rennet i 2018.

Tidlegare vinnarar:
2017: Audun Gåra, Sandvoll I.L.
2018: Ola Kili, I.L. Horrongen.
2019: Tor Henning Forberg, Fisbu I.L.
2020: Ingen konkurranse

Koronarestriksjonar:
Arrangementet følgjer koronarestriksjonane for utandørs arrangement. Det kan maks vere 200 tilskodarar i eit avgrensa bakkeområde. Dette området er stort slik at ein kan sitje spreidd. Det blir laga mange sitjegrupper i førekant av rennet. Det er viktig å halde avstand til andre grupper. Ved inngangen til bakken blir det registrering for smittesporing. Som elles må ein følgje 1 metersregelen og halde seg heime viss ein har symptomer.

Les mer om arrangementet og få med eventuelle oppdateringer på deres facebook arrangement her.

Datolørdag 27. mars
Tidspunktkl 12:00 - 16:00
StedHollane Seter
AdresseFolkestadvegen 286, 3800 Bø i Telemark