lørdag 1. april, kl 14:00
Hollane Seter

Hollane Skifestival 2023

I.L Høllénn arrangerer hopprenn på Hollane seter laurdag 1.april. Alle, om ein vil hoppe eller heie, er velkomne. Rennstart er kl. 12.00. Det blir underhaldning under hopprennet. På setra kan ein få kjøpt seg noko godt å ete og drikke. Hollane seter ligg 8 km frå parkeringa på Jønnbu. Ein kan ta wiesel inn til setra frå Jønnbu. Ein er også hjarteleg velkommen dersom ein ønskjer å ta turen frå Slåka, Grimås eller Gavlesjå.

Rekorden i Hollanebakken på 21,5 meter blei sett av Ola Kili (I.L Horrongen) og Torbjørn Sanden (Åsen I.L) under rennet i 2018. Grunna kleine snøforhold i fjellet førre påske, blei rennet i 2022 arrangert i Krintokleiva med Sondre Bø (Øvre Borgvin I.L.) som vinnar.

Hollanebakken passar både for djerve og meir forsiktige hopparar. Tevlinga blir avgjort over to omgangar. Påmelding skjer på renndagen.

Hopping skjer på eige ansvar. Reglar om konkurransen og tryggleik i bakken blir lagt ut før rennet.

 

Datolørdag 1. april
Tidspunktkl 14:00 - 18:00
StedHollane Seter
AdresseFolkestadvegen 286, 3800 Bø i Telemark