lørdag 9. oktober, kl 13:00
Location Name

Kulturtur i Liheia

Gammelt bilde av mann ute på åkeren

Bø Museum i samarbeid med Bø turlag har tur i Liheia laurdag 9. oktober. Samkjøring frå kommunehuset kl 13. Parkering ved Innleggen. Om lag 3,5 km å gå.

Mange stader i Liheia har ei interessant historie. På denne kulturturen går me frå Innleggen, over Sletteliberga og følgjer skogsbilvegen tilbake til Innleggen. Sletteliberga har ein strålande utsikt! Undervegs vil Finn Rønning og Bjørn Tveiten frå Bø Museum fortelje om plassar som me går forbi; Sletteli, Slåtta, Kolahuset. Turen blir avslutta med kaffirast i Liene. Du må sjølv ta med mat/drikke, lurt også å ta med sitteunderlag.

Velkommen til Kulturtur!
Datolørdag 9. oktober
Tidspunktkl 13:00 - 15:30
StedLocation Name