tirsdag 23. mai, kl 18:00
Bø torg

Kulturtur på Roheimheia

Bø Museum i samarbeid Bø Turlag har kulturtur til Roheimheia tysdag 23. mai.

Det er stader med mykje kulturhistorie rundt Svalbjørtjønna, både gardar, plassar og tufter. Kjentmann Gunleiv Brukås saman med lokalkjende folk vil fortelje frå området.

Roheimheia var grenseland i tidlegare tider. Det høyrde til Sauherad, men delar av Vatnarheia høyrde til Heddal. Frå Roheimheia reiste dei til Nes for å kome til kyrkje.

Samkøyring, avreise frå Bø Torg kl 18.00. Ta med mat/kaffi.

Vel møtt!
Datotirsdag 23. mai
Tidspunktkl 18:00 - 20:00
StedBø torg
AdresseBøgata 67, 3800 Bø