Olav Solberg har nyleg gitt ut bok om Liv Bratterud (1826-1892) frå Bø, og denne kvelden vil han fortelje om henne og lagnaden hennar. I motsetning til mange andre tradisjonsberarar kom ho frå gode kår i det gamle Bøherad. Likevel enda ho opp som husmannskvinne på ein armodsplass i ville skogen. I ettertida er ho kjend som balladesongar og framifrå eventyrforteljar.
I boka si følgjer Solberg Liv Bratterud frå vogge til grav. Vi får også høyre om familien hennar – døtrene, ektemannen som drakk og slektningar som prøvde å hjelpe.
Inngang kr 120 inkl enkel servering.