torsdag 5. mai, kl 18:00
Sandvin

Lugarkveld; «På loffen» med Thor Gotaas, Halvor Kleppen og Per Anders Buen Garnås

Lugarkveld; «På loffen» med Thor Gotaas, Halvor Kleppen og Per Anders Buen Garnås

Bø mållag og Bø museum inviterer til lugarkveld på Sandvin med sjølvaste Thor Gotaas. Her skal det lugast om loffarar, vagabondar og livet langs den norske landevegen. Dette passar godt i mai, då folkelivet langs landevegen vaknar til liv igjen på våren etter den lange vinterdvalen. Me vonar bøheringane også har kome seg ut av vinterdvalen og loffar seg opp til Sandvin denne maikvelden.

Dørene opnar klokka 18.00 og arrangementet startar klokka 19.00. Dette bør ein ikkje gå glipp av!

Thor Gotaas er folkeminnegranskar og forfattar frå Brumunddal. Han har skrive ein drøss med bøker om alt frå utedoar og skiheltar, til bygdeoriginalar og norske utvandrarar i Amerika. Han er ein framifrå foredragshaldar med både munndiarè og glimt i auget.
For å få den lokale vrien på det heile vil Halvor Kleppen lose oss gjennom kvelden og Per Anders Buen Garnås vil spele nokre utvalgte slåttar.
Det vert sal av kaffi og kaker før og etter arrangementet. Det vert også høve til å kjøpe bøker og mållags-effektar.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Bø mållag, Bø museum og Bøker i Bø.

05. mai på Sandvin ungdomshus
Start klokka 19.00. Dørene opnar 18.00
Billettpris: 250 kr. Kan kjøpast via Gullbring.

Thor Gotaas fortel om loffarar, vagabondar og landstrykarar. Halvor Kleppen losar, Per
Anders Buen Garnås spelar. Sal av bøker, kaffi og kaker.

Kjøp dine billetter her

Velkommen!
Datotorsdag 5. mai
Tidspunktkl 18:00 - 21:00
StedSandvin