Ni Liv feirar 20-årsjubileum med nytt studioalbum som kjem ut i slutten av oktober.
Ni Liv er det lokale americana-band frå Bø og Telemark med tekstar på norsk. Musikken er i landskapet folk, country, rock og vise. Ni Liv har sidan starten i 2003 spela over 500 konsertar rundt i Norge og gjeve ut 8 studioalbum, 2 ep’ar og ei konsertplate. Plata «Langhelg» frå 2011, blei nominert til Spelemannspris i countryklassa.
Bandet har vore spelelista på Nrk P1 over 15 gonger, sist med songen «Kan eg få lov til å elske deg» frå det siste albumet «Tell til tjuge» (Grammofon, 2020).
Ni Liv skriv og komponerer, arrangerer og produserer all musikken sin sjølv, og spelar inn låtane live i studio. Tekstane gjev eit usminka blikk pålivet, kjærleiken og tida me lever i. Orda er festa i bygdekultur, skog og fjell, bil og landeveg.
18-års grense.
Kjøp billetter til Ni Liv – Nytt album! hos Gullbring Kulturhus