Pedro Almodóvar er tilbake, og sjølvsagt med ei Oscar-nominert Penélope Cruz på plass i den eine hovudrolla. Milene Smit har den andre.
Handlinga finn stad i Madrid der to kvinner føder same dag, og filmen følgjer dei parallelle hendingane i liva deira.
Filmen opna filmfestivalen i Venezia i 2021, der Penélope Cruz vann Volpi Cup for beste skodespelar.
I salongen etter filmen får me besøk av Hans Jacob Ohldieck, som er førsteamanuensis i spansk ved USN. Han underviser i spansk og latinamerikansk litteratur og historie og leier no eit samarbeidsprosjekt med Universitetet i Havanna, Cuba. I filmsalongen vil han snakke om Parallelle mødre og om tilhøva i Spania etter Franco.
Lett servering er inkludert i billetten.