Bosnia juli 1995: Aida jobbar som tolk for FN i Srebrenica. Serbiske militærstyrkar er i ferd med å overta byen, og familien til Aida er mellom dei mange tusen som søker tilflukt i FN-leiren. Som tolk for leiinga både ser og høyrer Aida kva som er i ferd med å skje. Men kor langt kan ho gå for å redde sine eigne?
Filmen er basert på sanne hendingar og blei Oscar-nominert for beste internasjonale film.
Til salongen kjem også Leo Ajkic som etter fire år på flukt frå Bosnia kom til Noreg som elleveåring. Ajkic er tildelt Fritt Ords honnørpris for si formidling av historiene til flyktningar i Noreg og Europa.
Me set opp filmen i storsalen, kor også samtalen etterpå vil foregå.
Bestill gjerne billettar på førehand:
Bestill billetter her