Borgjakonserten: Johanne Flottorp og Anne Hytta
Sundag 13. august 2023
Nye Sjodar – Evju bygdetun, kl. 15:00
285,-
Agder og Telemark møtast i Borgjakonserten
Anne Hytta og Johanne Flottorp er to hardingfelespelarar med sterke røter i kvar sin tradisjon. Anne med Løndals-spelet frå Tuddal i botnen, Johanne med Tovdals-tradisjonen etter Salve Austenå. Dei to felespelarane har dei siste åra samarbeidd mykje i hardingfeletrioen Hitterdal, som spelar arrangerte slåttar frå Telemark, og på kvar sin kant er dei aktive på mange scener i ulike sjangeruttrykk. På Telemarkfestivalen i år er dei begge aktuelle med kvart sitt tingingsverk.
Når dei møtest på Nye Sjodar for å halde Borgjakonserten saman, vil dei framføre slåttar i formene dei har med seg heimanfrå i eit klingande møte med deira eigne personlege uttrykk. Publikum vil få høyre slåttar som har utvikla seg ulikt i aust og vest i Telemark og indre Agder opp igjennom historia, og dei vil få høyre nye slåttar av utøvarane sjølve.
Medverkande:
Johanne Flottorp – hardingfele
Anne Hytta – hardingfele
La bilen stå! Ta buss!
Telemarkfestivalen har i samarbeid med Ferdia satt opp Sharebus-ruter tur/retur i samband med konserrtane på Evju bygdetun og Villa Lunde sundag 13.august. Det er óg satt opp rute for dei som ønskjer å få med seg begge konsertane!