søndag 13. august, kl 12:00
Evju Bygdetun

Telemarkfestivalen 2023 | Familiedag på Evju bygdetun

Familiedag på Evju bygdetun
Sundag 13. august 2023
Evju bygdetun, kl. 12:00 – 15:00
Gratis!

Evju bygdetun er ein historisk gard med verna kulturlandskap på Sætersbø mellom Bø og Gvarv. Evju Bygdetun arrangerer utstillingar, kurs, konsertar, foredrag, aktivitetsdagar og matdagar. I lag vil me ønskje velkomen til ein hyggeleg familiedag på Evju bygdetun med musikk, dans, marknad, artige aktivitetar og god mat og drikke.

I løpet av dagen vil det vere danseleik med hallingspark, sløydleik med spikking og sanseløype i mathagen for born, samt fleire spel og leikar til fri bruk på tunet. Det vert musikalske innslag, og ungdommane i Nes nasjonale dansarring visar seg fram med eiga danseoppvising med påfølgjande dans for dei som vil hive seg med!

Det vil òg vere handverksmarknad med mange flott og spennande produkt frå lokale tilbydarar! Evju bygdetun sel som vanleg deileg ureist mat gjennom heile dagen! Feleutstillinga vil vere open!

Obs! Det er diverre vanskeleg å flytte heile Evju bygdetun innandørs, men viss dårleg vèr vil me skipe til hyggeleg stemning inne på låven.

Sundag 13. august kan du òg bli med på mange spennande kurs på Evju bygdetun – alt frå munnharpekurs til kurs i plantefarging av garn. Ein deileg lunsj med ureist mat frå Evju bygdetun er inkludert i kursavgifta.

Les mer om arrangementet her

Velkommen!
Datosøndag 13. august
Tidspunktkl 12:00 - 15:00
StedEvju Bygdetun
AdresseSætregeven 44, 3810 Gvarv