lørdag 12. august, kl 13:00
Evjudalen

Telemarkfestivalen 2023 | Familiekonsert med Jypling: «Hått sa’ru?»

Familiekonsert med Jypling: «Hått sa’ru?»
Laurdag 12. august 2023
Evjudalen, kl. 13:00 – 14:00
Gratis!

Hått sa’ru, sa’ru? Plateslepp?
Det er ikkje alltid lett å skjønne hått alle i dette langstrakte landet seier – men det norske språket er rikt, vakkert og morosamt i alle sine former. På klingande bøheringsmål serverer Stian Dalen, Anders Hefre og Jostein Rørmark i bandet Jypling familiekonserten «Hått sa’ru?», der språk og dialekter står i sentrum. Musikken spenner frå godnatt-songar til bakgårdsblues og rock’n’roll. Publikum vert invitert til å delta i song, leik og dans, og kanskje får ein lære hått ein «måsåbjønn eller ein «berull» eigentleg er for noko? Kan hende du også har nokre flotte dialektord som kan brukast i ein song?

Jypling har laga stor stemning og formidla si kjærleik til dialekter og musikk på fleire turnéar med konserten gjennom Den kulturelle skulesekken dei siste åra. No er dei klare med sitt fyrste album – noko som skal feirast med brask og bram med eigen platesleppkonsert på Telemarkfestivalen! Fy fela som me gledar kånn!

Medverkande:
Stian Dalen – gitar, vokal
Anders Hefre – piano, vokal
Jostein Rørmark – trommer, vokal
Andreas Haga – bass
Johanne Flottorp – fele
+ overraskingar

Obs! Viss dårleg vær vert konserten flytta under telt på torget.

Velkommen!
Datolørdag 12. august
Tidspunktkl 13:00 - 14:00
StedEvjudalen