Festivaldans med Hått
Fredag 11. august 2023
Framstugo, Gullbring, kl. 21:00
235,-
Ein skikkeleg «Hått» festivaldans!
Hått speler tradisjonelle runddansslåttar som har vore spelt på hardingfele. Musikken skil seg frå standard runddansslåttar i melodigangar, rytmekjensle og oppbygging. Slåttane høyrer til ein gamal og særeigen type runddansslåttar frå den første tida der europeiske impulsar møtte dei gamle norske bygdedansane og bygdespelemennane. Slåttane blir spela i gamal spelestil som minner om spelestilen til slåttemusikken i Noreg, men med ein eldre tonalitetskjensle, bogestrøk og toneføring i melodiane.
Hått starta opp i 1997 som ein duo med Per Anders Buen Garnås og Nils Øyvind Bergset, men vart raskt utvida med Anders Erik Røine. Hått gav ut plata ”B-burger” i 2009 som oppnådde nominasjon til Folkelarmpris. Gruppa har delteke på fleire Landsfestivalar i gamaldansmusikk med gode resultat, og det har òg blitt mange oppdrag på konsertar, dansearrangement og festivalar. No er det publikum på Telemarkfestivalen sin tur til å svinge seg i dansen!
Etter dansekonserten med Hått held dansen fram utover festivalkvelden med spel frå dei beste dansespelutøvarane me har!
Medverkande:
Per Anders Buen Garnås – hardingfele
Nils Øyvind Bergset – trekkspel
Anders Erik Røine – gitar