Velkomen til ein fantastisk konsertkveld i Gullbring Amfi! Få med deg alle konsertane denne kvelden! Kjøp samlebilletten «Heilaften»!
Ni Liv
20 år – Jubileumskonsert
Laurdag 12. august 2023
Gullbring Amfi, kl. 19:30
365,- / 555,-
20 år med lyden av Midt-Telemark!
Ni Liv er eit americana-band frå Bø og Midt-Telemark med tekstar på norsk. Musikken speglar heile bandets kollektive basseng av musikalske idéar og krumspring. Ni Liv har sidan starten i 2003 spela over 400 konsertar rundt i Noreg og gjeve ut 7 studioalbum, 2 ep-ar og ei konsertplate. Plata «Langhelg» frå 2011 blei nominert til Spelemannspris i countryklassa. Bandet har vore lista på P1s spelelister heile 11 gonger. Låtar som «Håkken e du», «Det var den gong», «Kastanjehår», «Merkeband», «Gruble i kor» og «Ikkje spør» blir framleis jamnleg spela på norgeskanalen og andre riksdekkande radiostasjonar.
Mykje av den musikalske inspirasjonen er henta frå bandmedlemmenes største heltar: Old Crow Medicine Show, Paul Simon, The Rolling Stones, Bruce Molsky, The Band, Steve Earle og Dolly Parton. Tekstane gjev eit usminka blikk på livet og tida me lever i. Ni Liv skriv og komponerer, arrangerer og produserer all musikken sin sjølv, og spelar inn låtane live i studio. Det skal vera ekte og energisk!
I 2023 feirar Ni Liv 20 år på vegen med ein eigen jubileumskonsert som seg hør og bør med musikalske gjestar på heimebane på Telemarkfestivalen.
Medverkande:
Jon Solberg – vokal, gitar, fele
Jan Birger Akerhaugen – gitar, kor
Knut Olav Sandvik – bass, kor
Terje Meisingset – tangenter
Eivind Aase – trommer
+ overraskingar
Konserten er særskild støtta av Telemark Energi og Kraftriket! Me takkar!
———————————-
Yagody
Laurdag 12. august 2023
Gullbring Amfi, ca. kl. 21:30
365,- / 555,-
Festmusikk frå Ukraina!
– Kvar augneblink i ein person sitt liv har sin eigen song, seier Zoryana Dybovska som grunnla Yagody i 2016 i den vestukrainske byen Lviv saman med tre andre kvinner. Dei fire kvinnene reiste så på kryss og tvers av Ukraina for å utforske dei mange musikalske tradisjonane landet har. I kjølvatnet av denne reisa har Yagody tilegna seg eit enormt repertoar av rytmar, poesi og melodiar om kjærleik og store og små ting i livet. Gruppa har òg henta eit mangfaldig utval av folkemusikk frå andre land, til dømes Serbia, Makedonia og Bulgaria, og slik har gruppa skapt sitt heilt unike uttrykk. Med Yagody kan ein forvente ei gruppe unge kvinner med fortryllande nærvær, nydelege stemmer og stor stemning. Telemarkfestivalen er glade for å kunne presentere det som garantert vert ei fantastisk konsertoppleving for både Midt-Telemarkingar og det store talet flyktningar som har kome til Midt-Telemark som følgje av krigen i Ukraina.
30 kr av kvar selde billett til denne konserten vil gå til stiftinga NSFUR som har som føremål å hjelpe ukrainske flyktningar med trygg transport til Noreg, samt samle inn og sende naudhjelp.
Medverkande:
Zoryana Dybovska – vokal
Sofia Leshishak – vokal, djembe
Valeria Mocharska-Lyulchyk – vokal, perkusjon
Tatiana Voitov – vokal, bayan
———————————
Steve’n’Seagulls
Laurdag 12. august 2023
Gullbring Amfi, ca. kl. 23:00
365,- / 555,-
*Same billett som Yagody
Klassiske rockelåtar i blågras-drakt
Steve’n’Seagulls frå Finland er kjend for spinnville konsertar der dei kler klassiske rockelåtar i ei fantastisk fengande blågras-drakt. Bandet starta med å spele inn låtar som dei publiserte på YouTube. Dei fekk stor merksemd og derifrå gjekk vegen fort til platekontrakt og konsertar over heile verda, og dei har ein enorm mengde fans! Om ein skal leggje talet på følgjarar på Facebook til grunn, så er Steven’n’Seagulls det klart største bandet som har vore på Telemarkfestivalen nokon gong. Her vil du mellom anna få høyre Iron Maiden sin «The Trooper», AC/DC sin «Thunderstruck» og Led Zeppelin sin «Black Dog» slik du aldri har høyrt dei før!
Med Steve’n’Seagulls vandrar tankane fort over til den hardbarka actionskodespelaren Steven Seagal som redda verda mange gonger på 90-talet. Steven Seagal kjem ikkje til Telemarkfestivalen, men det gjer Steven’n’Seagulls – og dei er faktisk enda tøffare!
Medverkande:
Remmel – vokal, akustisk gitar, balalaika, mandolin
Skubu – Trommer, perkusjon, vokal
Jamppa – kontrabass, vokal
Hiltunen – trekkspel, kantele, mandolin, tangentar, fløyte
Herman – banjo, akustisk gitar, vokal
NB! Viss det blir meldt om kraftig regn laurdag 12. august blir konsertane flytta frå Amfiet inn i Gullbringhallen. Dette blir varsla på Facebook, heimsider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.