Opningskonserten
Fredag 11. august 2023
Storsalen, Gullbring, kl. 19:00
365,- (inkludert festivaldans etter Opningskonserten)
Konfekteska med dei mange gode bitane
I årets opningskonsert vil me møte poeten Stein Versto og spelemann Per Anders Buen Garnås, me vil møte gruppa Yagody med flotte, fleirstemde folketonar frå Ukraina, me vil møte dei plateaktuelle gutta i Hått sa’ru? som på klingande bøhering framfører morosame viser om både «måsabjønner» og «berullar», me vil møte gjengen i Folkemusikk fordjuping som byr på nydeleg song, energisk dans og flott spel, me vil møte Spellemannpris-vinnar Ingrid Jasmin som står for ei unik blanding av norsk og meir sydlandsk folkemusikk, me vil møte Ottar Kåsa og høyre korleis hans nyaste kreasjon – ein hardingcello – let, me vil møte gitarist Magnus Wiik og felespelar Rose Logan med livlege reels og jigs frå Skottland – og sist, men absolutt ikkje minst; me vil møte Spelemannslaget Bøheringen og Bø Dansarring som avsluttar kalaset og spelar publikum ut til dans i Framstugo!
Skodespelar og bøhering Bjørn Hallgeir Myrene vil formelt opne årets festival, medan Aasmund Nordstoga vil leie oss gjennom konserten med stødig hand!
Velkomen til ei nydeleg konfekteske av ein konsert!
Alle med billett til Opningskonserten kjem gratis på konsert med Hått og festivaldans i Framstugo etter konserten!