lørdag 12. august, kl 16:00
Nordbølåven

Telemarkfestivalen 2023 | Sudan Dudan kvartett + Synnøve Brøndbo Plassen

Sudan Dudan + Synnøve Brøndbo Plassen
Laurdag 12. august 2023
Konsertlåven i Nordbøvegen 10, kl. 16:00
285,-

Kanskje noko av det finaste du får høyre i år
Sudan Dudan er norsk folkemusikk på sitt aller finaste med nydelege melodiar og vakre klangar. Sudan Dudan speler akustisk med gitar, munnharpe, langeleik og ikkje minst ein tostemd vokal som kan gi deg kjensla av seinsommarkveld på fjellet. Med norsk folkemusikktradisjon som utgangspunkt utviklar Marit Karlberg og Anders Erik Røine sjangaren slik at det vert både rytmisk og fengande – heile tida vakkert som ein sildrande fjellbekk. Duoen nyttar ofte gamle tekstar som dei varsamt former til sine eigne. I 2023 feirar duoen 20 år i lag som musikalske følgjesvener ved å utvide duoen til ein kvartett, og til Telemarkfestivalen har dei med seg Kåre Opheim på trommer og Sondre Meisfjord på kontrabass. I lag vil dei undersøke korleis Sudan Dudan sitt rikhaldige uttrykk kan forsterkast, strekkast og få eit enda større spenn!

Synnøve Brøndbo Plassen er ein folkesongar frå Folldal i Innlandet. Oppveksten vart prega av mykje musikk – og då særleg folkemusikk og gammaldans. Repertoaret hennar inneheld alt frå salmar og bånsullar til slåttestev og skillingsviser – hovudsakleg frå Østerdalen og Trøndelag. I 2021 kom ho med debutalbum «Hjemve» som ho var nominert til Spellemann-pris for. I 2022 fekk ho også Folkelarm-prisen for beste solo-album. Brøndbo Plassen A-klassing i vokal på Landskappleiken, og har dei siste åra mottatt en rekke utmerkingar. Til hausten kjem ho med ny plate som vil dreie seg om folkesong knytt til livet på setra.

Velkomen til det som vert ein nydeleg ettermiddag i Konsertlåven!

Medverkande:
Anders Erik Røine – vokal, gitar, munnharpe
Marit Kalberg – vokal, langeleik
Sondre Meisfjord – kontrabass
Kåre Opheim – trommer
Synnøve Brøndbo Plassen – vokal

Kjøp billetter her

Velkommen!
Datolørdag 12. august
Tidspunktkl 16:00 - 18:00
StedNordbølåven
AdresseNordbøvegen 10, 3803 Bø i Telemark