lørdag 13. august, kl 22:00
Gullbring Kulturanlegg

Telemarkfestivalen: Daniel Norgren

Primitivt, rått og ekte frå söta bror!
Svenske Daniel Norgren er udiskutabelt ein av nabolandets ypparste artistar, og han er kjend som ein som alltid gir alt på sine konsertar. Den primitive, rå og ekte krafta til Daniel Norgrens musikk har ført han på utselde turnéer over heile Europa og i USA. No er turen komen til Bø i Telemark!

Norgren har blitt skildra som en perfekt kombinasjon Tom Waits og Jack White – med gitardrivne låtar forankra i både amerikansk gospel, roots, folk og blues, og klassisk svensk låtskrivertradisjon. Det er umogleg å ikkje fascinerast av den høgreiste svensken sine prestasjoner som låtskrivar, gitarist og vokalist; og det seiast at ingen går uberørt frå ein konsert med Daniel Norgren – ein perfekt match for Telemarkfestivalen med andre ord!

 

Medverkande:
Daniel Norgren – vokal, gitar, munnspel, piano
Anders Grahn – bass
Erik Berntsson – trommer
Andreas Filipsson gitar, orgel

Kjøp dine billetter her 

Velkommen!

Datolørdag 13. august
Tidspunktkl 22:00 - 23:00
StedGullbring Kulturanlegg
AdresseGullbringvegen 34, 3800 Bø