lørdag 13. august, kl 19:00
Gullbring Kulturhus

Telemarkfestivalen: Frida Ånnevik

Endeleg Frida Ånnevik i Bø!
Det er mange som har spurd, og endeleg kjem ho til Bø og Telemarkfestivalen! Hausten 2020 feira Frida Ånnevik 10 år som artist, utøvande musikar og låtskrivar. Det er blitt fem eigne plater, mange konsertar, deltaking i «Hver gang vi møtes» på TV2,  fine samarbeid, og uventa svingar.

Då alt vart snudd litt på hovudet då pandemien kom i 2020 fann Frida saman med kollega Chris Holsten, og dei laga ein norsk versjon av verdenshiten «If The World Was Ending» På norsk vart den til «Hvis verden» og teksten traff ei dyp nerve hos publikum i alle aldrar; der me alle satt heime – utan klemmar, lite sosial omgang og følte at verda raste litt saman. Låta er strøyma meir enn 18 millioner gonger og  vart kåret til «Årets låt» på Spellemannprisen i 2021 – Frida sin femte Spellemann-pris.

Etter mange konsertar gjennom dei siste to åra speler Frida Ånnevik  kun eit knippe utvalte festivaler denne sommaren. Me er glade for at Telemarkfestivalen er ein av dei!  Frida og bandet tar publikum med inn i ei verd med sterk musikalsk nerve, og framfører låter frå heile Frida si karriere!

Som ein oppvarming får publikum høyre ny musikk frå SYMRE (Symre Taugbøl Bang) frå Morgedal.

 

Medverkande:
Frida Ånnevik – vokal, gitar
Andreas Stensland Løwe – tangenter
Haldor Røyne – gitar

Kjøp dine billetter her

Velkommen!

Datolørdag 13. august
Tidspunktkl 19:00 - 22:00
StedGullbring Kulturhus
AdresseGullbringvegen 34, 3800 Bø