lørdag 13. august, kl 16:00
Gullbring Kulturhus

Telemarkfestivalen: Gjertruds sigøynerorkester & Helge Jordal/Akantus/Operakor

Gjertruds Sigøynarorkester og ein heil haug med gjestar
Det vert ein potpurri av sigøynar-musikk, korsang og generelt god stemning når Gjertruds Sigøynerorkester – forsterka med skodespelar Helge Jordal, Akantus og Skien operakor – kjem til Telemarkfestivalen med det som garantert kjem til å bli ein fantastisk konsertoppleving! Helge Jordal er ein av landets mest profilerte og særeigne skodespelarar. Han er óg ein utmerka vokalist med stor uttrykkskraft. Gjertruds Sigøynerorkester og Helge Jordal presenterar dikt, fortellingar, songar og musikk fra sigøyner- og taterkulturen. Helge Jordal formidlar dette på medrivande vis – med kjensle, autoritet og kraft. I denne heilt spesielle konserten får Gjertrud Sigøynerorkester óg besøk på scenen av koret Akantus frå Bø under leiing av Jakob Zethner, samt Skien Operakor.

Dei siste åra si aukande tilstrømming av fattige rom, både til Noreg og andre EU-land, har aktualisert og synleggjort det stigma sigøynarar og rom er utsette for. I denne konserten ønskjer Gjertrud Sigøynerorkester og Helge Jordal å synleggjere at dette er menneske som er berarar av usedvanleg rike kulturelle tradisjonar som store deler av europeisk kulturliv i århundrer har henta inspirasjon fra.

Konserten er i samarbeid med Villa Lunde.

 

Medverkande:
Helge Jordal – vokal
Gjertrud Økland – fiolin
Georg Reiss – klarinett, tárogató
Tom Karlsrud – trekkspel
Pål Thorstensen – kontrabass
Trond Villa – bratsj
Helene Waage – cello, song
Ernest Bangó – cimbalom

Akantus og Skien Operakor under leiing av Jakob Zethner

Kjøp billetter her

Velkommen!

Datolørdag 13. august
Tidspunktkl 16:00 - 18:00
StedGullbring Kulturhus
AdresseGullbringvegen 34, 3800 Bø