lørdag 10. august, kl 15:00
Villa Lunde

Villa Lunde: Mizgîn + Marja Mortensson

 

Mizgîns nydeleg kurdisk song:
Mizgîn syng og spelar kurdisk folkemusikk med inspirasjon frå den kurdiske og tyrkiske songboka, djup sufi-musikk, dylanesiske rockedikt og gamle nordiske songar. Mizgîn og musikken hennar har fått stor merksemd og ho har mange fans verda over. Mizgîn er for tida busett i Danmark. Her har ho blitt nominert til fleire danske Grammy-prisar, og ho har òg motteke stipend fra Statens kunstråd. Ho er ei stor stjerne som har spelt på alle dei store internasjonale festivalene, og me er svært stolte over at Mizgîn no kjem til Telemarkfestivalen for konsert på Villa Lunde.

Marjas nydeleg sørsamisk joik:
Marja Helena Mortensson er ein ung sørsamisk joikar og songar som allereie fått stor merksemd nasjonalt og internasjonalt. Fødd inn i en reinsdyrfamilie, er Marja sitt liv, så vel som musikken hennar, solid forankra i den sørsamiske livsstilen. I 2017 hadde Marja ei sentral rolle i «Tråante» – eni stor konsert i Trondheim som markerte 100-årsjubileumet for den første samiske forsamlinga i 1917. I 2017 lanserte Marja òg sitt anerkjende debutalbum «’Aarehgïjre’ – Early Spring». Berre eitt år seinare gav ho ut albumet «’Mojhtestasse’ – Cultural Heirlooms». Plata vart nominert som det norske bidraget til Nordic Music Prize i 2018, samt Spellemann i klassa «Folkemusikk/Tradisjonsmusikk». Sistnemnde vann ho!

Velkommen!

Kjøp billett her

Pris315
Datolørdag 10. august
Tidspunktkl 15:00 - 18:00
StedVilla Lunde
AdresseVrangfossvegen 856, Lunde, Norge