På 1800-talet var dei gamle mellomaldervisene – balladane – framleis i bruk i telemarksbygdene. Men denne songtradisjonen var da på hell, og han levde sterkast blant fattigfolk. Eit døme er husmannsjenta Tone Høna (1805-1877) frå Lårdal, som hadde eit stort balladekunne.
Professor emeritus Olav Solberg har nyleg gitt ut ei bok om Tone Høna, der han lar oss få eit innblikk i livet hennar – eit liv som ikkje var utan dramatikk. På museet denne kvelden vil Solberg fortelje om balladesongaren og livet ho levde.
Inngangspengar kr 100 inkl enkel servering.
Les meir om arrangementet på Bø Museums nettside