tirsdag 7. november, kl 18:00
Gullbring Kulturhus

Utsolgt! Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga – Langt Heimafrå

Langt Heimafrå Gullbring kulturhus

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga har slege seg saman att for eit nytt projekt!

Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. Den 7. november kjem dei til Gullbring kulturhus og spelar opp med låtar fra sitt doggfriske album «Langt heimafrå», ei plate delvis spelt inn i Irland og med Atlanterhavet rett utanfor studiovindauget. Det er no ti år sidan sist duoen spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og på denne konserten kan det nok også bli sjansar for å høyre nokre fine låtar som har kvilt – lenge nok.

Sidan sist har Ingebjørg Bratland blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Nordstoga har fortsett med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. Uansett kor du kjem frå, kan me lova at du aldri kjenner deg «Langt heimafrå» med denne duoen på scena.

Ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert med to artistar med særdeles god smak – dei er nemleg kvarandres største fan.

Les meir om Langt Heimafrå hos Gullbring kulturhus

Datotirsdag 7. november
Tidspunktkl 18:00 - 20:00
StedGullbring Kulturhus
AdresseGullbringvegen 34, 3800 Bø