Velkommen til Vårslepp i Midt-Telemark – elvelangs mellom Bø og Gvarv!
Sundag 6. juni mellom kl 12 og 16 inviterar Bø Museum, Hørte Dampfarveri og Evju Bygdetun til “Vårslepp i Midt-Telemark”. Desse kulturinstitusjonane ønskjer folk velkomen innom, om de går, syklar eller køyrer. Ta gjerne med deg ein nabo eller andre som kan ha behov for å treffe andre etter ein lang periode med mange restriksjonar. Også eit fint høve for kommunepolitikarane til å besøke desse kulturstadene.
Bø Museum har sal av suppe, kaffi og kromkake. Hørte Dampfarveri kokar kaffi og steiker gode vaflar som dei er kjent for, og på Evju kokar dei suppe og kaffi, og har også noko søtt til kaffien. Det vil også bli arrangert Skaperverkets dag, kl.11.00 Gudstjeneste i tunet på Evju Bygdetun, ved Sauherad og Nes sokn.
Arrangementet er i regi av Midt-Telemark Museum som er eit samarbeidsorgan for kulturinstitusjonar i kommunen.
Smittevernreglar blir tatt omsyn til alle stader.
Velkomne skal de vere!
Bø Museum – Oterholtvegen 148, 3802 Bø i Telemark
Hørte Dampfarveri – Verksvegen 64, 3800 Hørte