torsdag 6. august, kl 20:00

Velkomen til Såmmårsleg 2020!

Velkomen til Såmmårsleg 2020!
6. – 9. august

 

Som så mange andre festivalar vart også Telemarkfestivalen tidlegare i år tvinga til å avlyse årets utgåve av festivalen som følgje av utbrotet av Covid-19. Telemarkfestivalen skal vere ein heilskapleg og feiande flott folkefest. Det var det ikkje mogleg å få til i 2020. Men me hadde skikkeleg lyst til å gjere noko likevel, og den siste tida har me difor jobba med å få på plass eit alternativt arrangement – sjølvsagt i tråd med gjeldande smittevernreglar.

Det alternative arrangementet har fått namnet «Såmmårsleg 2020»! Programmet inneheld konsertar med Ni Liv, Blåfolk, Spelemannslaget Bøheringen og syskenparet Per Anders og Ingvill Marit Buen Garnås, samt kviss med Jan Birger Akerhaugen og premierevising på kino av fjorårets tingingsverk, «Haugebonden».

 

Telemarks

 

 

 

 

 

Meir info på www.telemarkfestivalen.no.
Obs! Få billettar i sal via Gullbring kulturanlegg.

Alle tidspunkt markerer konsertstart. Publikum bør kome i god tid før konserten startar. Om vèret er dårleg flyttast konsertane inn.

Me vil følgje gjeldande smittevernreglar, og me ber om forståing og samarbeidsvilje frå publikum.

FY FELA SOM ME GLEDAR KÅNN!
PrisFra kr. 0,- til kr. 265,-
Datotorsdag 6. august
Tidspunktkl 20:00 - 23:00