Johaug feira dagen med harde økter i Bø

Svein Halvor Dahl og Therese Johaug
Telemarksveka

Bursdagsbarnet Therese Johaug tok raskt teten under dei harde treningsøktene i Bø tysdag.

Landslagsjentene gjekk på rulleski mot Lifjell. – Eg har ikkje vore her før, men ein veldig fin plass og godt opplegg, seier Therese Johaug til Varden før treningsøkta.

– Eg er i god rute, og etter Bø blir det USA-samling i tre veker, legg esset frå Dalsbygda til. Blir det feiring med kake? – Det blir det, svarar gullvinnaren på 31 år. Ho skal gå Kanalrennet sundag, men deltek ikkje på Sommarlandsprinten i Bøgata laurdag kveld.

Slik er deltakinga

Totalt er det kring 430 påmelde, rundt 115 av desse skal gå sprinten. Av eliteløparane manglar Astrid Uhrenholdt Jacobsen, men til gjengjeld var Jessica Diggins frå USA med. – 17 spreke jenter, seier trenar Ole Morten Iversen – far til Emil Iversen.

Vanvitig bra –

Fornøgd med opplegget på Telemarksveka?

– Så langt vanvitig bra med både treningsforhold og mat, seier han. Tysdag gjekk damene på rulleski opp til Jønnbu. Fyrst varma dei opp på fylkesvegen mot Notodden, før dei gjekk laus på dei tøffe bakkane under Lifjell. Her var det full speed i seks minutt, eit par minutt pause og så full speed i nye seks minutt.

– Alle løparane var oppe på toppen i løpet av 36 minutt, fortel dagleg leiar for Telemarksveka, Tormod Hynne

Guide

Svein Halvor Dahl, mangeårig langrennsløpar frå Bø som no har lagt konkurranseskia på hylla, er guide for løparane på damelandslaget og rekruttlandslaget. Han følgde løparane med elsykkel opp mot Lifjell i går. – Det er kjempemoro å få vere med på dette. Måndag var dei på rulleski i området ved Hørte og Oterholt. Styrketrening og løpeturar i området er også ein del av programmet, seier han.

25 timar i veka

Under Telemarksveka blir det totalt kring 25 timar med trening (inkludert tevlingane). – Dette er nok meir enn mengda dei neste vekene, seier landslagstrenar Ole Morten Iversen. Neste vinter er ein mellomsesong.

– Tour de ski er det store målet for desse utøvarane, seier Svein Halvor Dahl som etter kvart går over til jobb som ingeniør i Moelven Limtre.


Artikkel hentet fra Varden 25.juni, skrevet og foto av Halvor Ulvenes