Gårdsbutikken på Nes

Nordre Nes

Ein fruktgard på Gvarv

Garden Nordre Nes ligg i eit tradisjonsrikt og idyllisk fruktlandskap på Nesodden, ut mot Norsjø i Telemark. Her er det eit særleg godt klima for fruktdyrking, og på Nordre Nes har det vore dyrka eple for salg i over 100 år.

Vi som driv garden nå er Tone Ness og Mikkel Aanderaa. Vi dyrkar fortsatt eple, men også plommer og korn, i tillegg har vi eit lite gardsutsal.

Kontakt oss:


Ta gjerne kontakt med oss for mer informasjon eller om du ønsker å komme på besøk.

Vi ønskjer ikkje berre å dyrke mat, vi ønskjer og å nå dirkete fram til folk og vise kva ein fruktgard kan vere. Vi vil dele litt av sesongens særpreg, stemningen på tunet og i frukthagen vår, og håper eit besøk hos oss kan gje eit lite puserom. Det er ei oppleving i seg sjølv å gå inn i bugnande, duftande frukthagar og plukke sine eigne eple eller plommer

I den gamle stallen i låven vår har vi gardsutsalet vårt. Her sel vi våre eigne produkt som økologisk eplemost og eplesider, og, etter sesong, nyplukka plommer og eple, og bukettar med georginer frå blomsterhagen vår.

Gardsutsalet vårt er ope på hausten frå 15. august-15. oktober, men også fleire helger ellers i året, dette blir publisert på Instagram og Facebook.

Ta kontakt om du ønsker å besøke oss for sjølvplukk av frukt i september, gå tur inn i blomstrande frukthagar i mai, få omvisning på garden eller besøke gardsutsalet vårt.


Image