torsdag 12. august
Gullbring

Telemarkfestivalen 2021

Billetter kan kjøpes på nett og i Gullbring mellom kl. 17.00 – 21.00.

VELKOMEN TIL TELEMARKFESTIVALEN 2021!

Fy fela som me har gleda kånn til å igjen kunne ønskje velkomen til festival! 2020 var eit trasig og annleis år for alle. For kånn i Telemarkfestivalen har det vore kjedeleg å ikkje ha høve til å gjere det me skal gjere og likar aller best – nemleg det å skipe til ein feiande flott folkefest i folkemusikken og folkedansens teikn!

GULLpass – Få med deg alle konsertene i Gullbring!

Med GULLpass kjem du inn på alle konsertane i Gullbring, i Framstugo, Storsalen og Amfiet. Det vert kun lagt ut 25 pass, meget eksklusivt altså. Pris: 2035,-

 

Torsdag 12. august

Kl 19:00 – 20:30 – Gullbring, Storsalen 335,- / 200 billettar
RUI-JENTENE: «Spaden må gå jamnt» i ny tapning
Den fascinerande historia om Ingerine og Gurine Schewenius har fenga mange. På Telemarkfestivalen og Gullbring kulturanlegg kjem framsyninga om Rui-jentene med Hæge Manheim og Inger Merethe Johnsen i rollane som Ingerine og Gurine, og med seg har dei Erik Sollid – kjend frå Valkyrien Allstars – på hardingfele.

Kl 20:30 – 22:00 –  Gullbring, Framstugo 335,- / 100 billettar
INGEBJØRG LOGNVIK REINHOLDT OG AASMUND NORDSTOGA MED BAND: «For alt som ein gong va’»
Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Aasmund Nordstoga framfører dikt av Robert Burns omsett til vestteledialekt av Peter Fjågesund i konserten «For alt som ein gong va’» i Gullbring kulturanlegg. Til konserten i Bø har dei med seg Juhani Silvola, Sarah-Jane Summers og Morten Kvam.

 

KL 22:30 – 23:45 – Bø gamle kyrkje 285,- / 30 billettar
AW/CISSOKHO/ULVIK
Torsdagen avsluttast i Bø gamle kyrkje der afrikansk strengeleik møtar norsk kveding i det som garantert vert heilt nydeleg konsert med Becaye Aw, Ibou Cissokho og Liv Ulvik.

Fredag 13. august

Kl 17:00 – 18:15 – Gullbring, Framstugo 335,- / 100 billettar
BUEN GARNÅS/KÅSA/FJELD: «Slåttar siste sytti år»
Bø er heimplass for fleire av landets mest framtredande felespelerar. Me har samla tre av dei til konsert. Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Lars-Ingar Meyer Fjeld vil ta for se nyare slåttar i konsertprogrammet «Slåttar siste sytti år» i Gullbring kulturanlegg.

Kl 19:00 – 20:35 – Gullbring, Storsalen 365,- / 200 billettar
OPNINGSKONSERTEN
Den tradsjonelle Opningskonserten er ein musikalsk konfekteske med spennande og mangfaldige innslag frå festivalprogrammet.

Kl 21:00 –  22:00 – Gullbring, Framstugo 285,- / 100 billettar
INGRID JASMIN VOGT & JESÚS MORENTE
Ingrid Jasmin Vogt er oppvaksen i Telemark, men har fordjupa seg i musikk frå meir sydligare. Ho og makkaren Jesús Morente leverar kjenslevar og nær flamenco-song i Gullbring kulturanlegg.

Kl 22:00 – 23:30 Gullbring, Storsalen 335,- / 200 billettar
TINGINGSVERKET: «AALKA – IT BEGINS»
Tre vokalistar og tre vokaltradisjonar møtes i årets tingingskonsert med Marja Mortensson, Sigrid Jore og Maija Kauhanen. Det publikum får høyre er både nyskrive og gamalt. I arrangementa leikar bandet med dei ulike stemningane i musikken, improvisasjon og det rytmiske drivet og særpreget som kjenneteiknar dei ulike tradisjonane.

Laurdag 14. august

Kl 15:00 – 16:00 Husly 285,-/30 billettar ØSTERLIDE

Gitarist Andreas Haddeland, folkesongar Liv Ulvik og perkusjonist Ulrik Ibsen Thorsrud forskar på melodiar og historier frå den norske folkemusikktradisjonen. I lag har dei funne fram til eit spennande uttykk som kler folkemelodiane i nye drakter.

Kl 17:00 – 18:30 Gullbring, Storsalen 365,- / 200 billettar
«ELLEN OG ELEVANE»
Ellen Nordstoga fyllar 80 år i år og vert heidra med konserten «Ellen og elevane» i Gullbring kulturanlegg. Framsyninga «Kongsdøttane» som Nordstoga er prosjektleiar for vert vist fram, og det vert og musikalske helsingar frå tidlegare elevar.

Kl 19:00 – 21:00 Gullbring, Amfiet 435,- / 300 billettar
JOHANNA SEIM OG MARIANNA SANGITA
INGEBJØRG BRATLAND
Me er glade for å kunne invitere Ingebjørg Bratland «heim» til Telemarkfestivalen. Me har bestilt godvér og alt er klart for ein stor konsertoppleving ute i Gullbring Amfi. Her vil det óg bli premiere på ny musikk frå Johanna Seim og Marianna Sangita som vil vere fyrste utøvarpar ut i «Evju sessions» – eit nytt konsept der to utvalde utøvarar bur og skapar ny musikk i lag på idylliske Tangen ved Evju bygdetun.

Kl 20:30 – 22:00 Gullbring, Storsalen 365,- / 200 billettar
MUSIKK, SKJEMT OG ALVOR MED KNUT OG HALVOR – OG SIGMUND
Har du høyrt om tuddølen, heddølen og bøheringen? I Gullbring kulturanlegg vert det musikk, skjemt og alvor med Knut Buen (tuddølen), Sigmund Groven (heddølen) og Halvor Kleppen (bøheringen).

KL 22:00 – 00:00 Gullbring, Amfiet 365,- / 300 billettar
INGVILD FLOTTORP MED BAND + BYTING MED GJESTAR 

Laurdagskveld og god stemning i Gullbring Amfi med konsertar med Ingvild Flottorp og Byting. Skodespelar Mathilde Storm – kjend frå NRK-serien «Rådebank» – syng låta «Høvdingen» i lag med Byting, og Per Anders Buen Garnås vert med på eit par låter med sitt gamle band.

Sundag 15. august

Kl 13:00 – 14:00 Bø gamle kyrkje
TORHILD OSTAD OG SILJE HEGG 285,- / 30 billettar
Vokalist og kvedar Torhild Ostad og fløytist Silje Hegg har kjend kvarandre i 25 år. Dei har fleire gonger snakka om at dei har lyst til å halde konsert i lag, men det har aldri skjedd – før dei no kjem til Telemarkfestivalen og Bø gamle kyrkje for ein nydeleg og varm konsert.

Kl 15:00 – 16:30 Gullbring, Storsalen 365,- / 200 billettar
BORGJAKONSERTEN: JENS AMUNDSEN – EIT 100 ÅRS MINNE
Den tradisjonsrike Borgjakonserten vil finne stad i Gullbring kulturanlegg. Storspelemannen Jens Amundsen villa ha vore 100 år i år. Torgeir Straand og Knut Buen minnast Amundsen med soger og spel.

Korona og Telemarkfestivalen 2021

Gullbring har refusjonsgaranti på alle kjøpte billettar

Telemarkfestivalen vil følgje gjeldande lokale og nasjonale retningsliner og råd for arrangørar når årets festival skal gjennomførast, og me ber publikum om å gjere det same. Du vil finne oppdatert informasjon om gjeldande smittvernreglar og restriksjonar på nettstaden til Gullbring, samt på aktuelle festivalarenaer.

Usikker på kva smittevernreglar som gjeld? Den nyaste og mest oppdaterte informasjonen vil du til ein kvar tid finne på Regjeringa si nettstad.

Datotorsdag 12. august
StedGullbring
AdresseGullbringvegen 34, Bø i Telemark, Norge