Invitasjon

Sommarlandfestivalen 21.-23.juni 2024

I 2024 arrangerar vi vår 32.festival. Vi inviterer til festival 21. - 23. juni. Sommarlandfestivalen ønskjer å vere ein møteplass for ulike musikkaktivitetar retta mot barn og ungdom. Du er velkommen til vår festival med laget ditt enten du spelar i korps, syng i kor, spelar i strykeorkester, band eller i eit ensemble i kulturskulen. Vår festival gjer deg moglegheit til å oppleve både den musikkmønstringa ein musikkfestival skal vere og Bø Sommarland med sine populære aktivitetar og tilbod. Bø Sommarland er eit svært populært reisemål med vannland, magasuget, berg og dalbane i vann, den populære surfebølga samt ein mengde andre aktivitetstilbod.

Sommarlandfestivalen kan by på:
  • Marsjering i Bø sentrum fredag
  • Opning av festivalen med fellesnummer
  • Speleoppdrag i Sommarland laurdag og søndag
  • Foajékonsert i Gullbring kulturanlegg
  • Speleoppdrag på Bø torg
  • Korseminar
  • Orgelfestival
  • Kyrkjekonsert i Bø kyrkje
  • Spele på underhaldningskonsert i Gullbring laurdags kvelden
  • Konsert med Blåsemafian i Gullbring laurdags kvelden.
  • Speling på gudsteneste i Bø kyrkje
  • Drillworkshop i Sommarland søndag
  • Speleoppdrag på Bø sjukeheim
  • Avslutningsmarsjering i Sommarland søndag

Påmelding