
Sommarlandfestivalen 18.-20.juni 2027
I 2027 arrangerar vi vår 35.festival. Vi inviterer til festival 18. - 20. juni. Sommarlandfestivalen ønskjer å vere ein møteplass for ulike musikkaktivitetar retta mot barn og ungdom. Du er velkommen til vår festival med laget ditt enten du spelar i korps, syng i kor, spelar i strykeorkester, band eller i eit ensemble i kulturskulen. Vår festival gjer deg moglegheit til å oppleve både den musikkmønstringa ein musikkfestival skal vere og Bø Sommarland med sine populære aktivitetar og tilbod. Bø Sommarland er eit svært populært reisemål med vannland, magasuget, berg og dalbane i vann, den populære surfebølga samt ein mengde andre aktivitetstilbod.
Sommarlandfestivalen kan by på:
- Marsjering i Bø sentrum fredag
- Opning av festivalen med fellesnummer
- Speleoppdrag i Sommarland laurdag og søndag
- Foajékonsert i Gullbring kulturanlegg
- Speleoppdrag på Bø torg
- Korseminar laurdag føremiddag
- Kyrkjekonsert i Bø kyrkje laurdag ettermiddag
- Spele på underhaldningskonsert i Gullbring laurdags kvelden
- Underhaldning med Blåsemafian i Gullbring laurdags kvelden.
- Drillworkshop i Sommarland søndag
- Avslutningsmarsjering i Sommarland søndag

Påmelding




