Påmelding og pris

Festivalavgifta pr. deltakar:

2100 kroner for overnatting på skule. Laga blir lagt i klasserom. Alle må ta med liggeunderlag og sovepose.

2800 kroner for overnatting på campingplass. På camping-plassane er det senger og dyner/puter til alle, ta med sengetøy. Nokre av hyttene har ikkje dusj/toalett. Utvask er inkludert i prisen.

Avgifta inkluderar:
  • Overnatting og mat frå fredag kveld til søndag.
  • Billett til Bø Sommarland laurdag og søndag. Bø Sommarland ligger ca. 4 km frå Bø sentrum. Laga må sjølv sørge for transport tur/ retur Bø Sommarland. Det er mogleg å booke lokal buss.
  • Korseminar
  • Drillworkshop
  • Underhaldning laurdags kvelden med diskotek og konsert med Blåsemafian.
  • Medalje

Prisen er den samme for musikantar, leiarar og andre.

Påmeldinga skjer i vår nye festivalportal. Har du spørsmål rundt påmelding, kontakt oss på [email protected]

Påmeldingsavgifta pr. lag er 1500 kroner. Frist for påmelding er 15.mars.

Eventuell ekstra overnatting torsdag- fredag eller søndag til måndag inngår ikkje i prisen. Dei som ønskjer ei ekstra overnatting, må velje camping som alternativ. Det kjem også tillegg for mat og en ekstra dag i Sommarland. Ta kontakt om det er aktuelt.