Rune Bergstrøm er biolog og aktiv i BirdLife Telemark. Han har gjennom mange år arbeidd med miljø og fugl, særleg sjøfugl, og har mellom anna vore tilsett hos Statsforvaltaren, Sysselmannen på Svalbard og i Kystverket. Fugletrekket har alltid vore omgitt av mystikk og fascinasjon. Korleis finn fuglane fram over enorme avstandar, og kva er det som gjer dei i stand til å gjennomføre desse fantastiske reisene? I foredraget fortel Bergstrøm om både dei lange og korte trekka, og om korleis vi gjennom tidene har prøvd å kartleggje og forstå fuglane sine vandringar. Han vil også sjå på dei fysiologiske tilpassingane som gjer fuglane i stand til å gjennomføre desse utrolige reisene. Til slutt tek han opp nokre av miljøutfordringane trekkfuglane møter, mellom anna kva utbygging av vindturbinar på land og til havs kan bety for fugletrekket.
onsdag 21. oktober, kl 19:00
Bø Frivilligsentral
Fugletrekket – foredrag med Rune Bergstrøm

Datoonsdag 21. oktober
Tidspunktkl 19:00 - 21:00
StedBø Frivilligsentral








