lørdag 14. februar, kl 13:00

Drop-in vigsel på Valentine!

Røde hjerteformede ballonger festet til en trevegg, perfekt for romantiske anledninger og feiringer.

Vil du gifte deg på Valentinesdagen i 2026?

Velkomen til vakre Lunde kyrkje, laurdag 14. februar 2026 i tidsrommet fra kl.13.00-16.00

Kanskje har de snakka om å gifte dykk, men aldri fått det heilt til å passe? Kanskje de har lyst til å gifte dykk, men ynskjer å gjera det enkelt? Då er drop-in-bryllup noko for dykk!

Lunde kyrkje opnar dørene for drop-in-bryllup på Valentinesdagen!
Me ynskjer at par kan feire kjærleiken og inngå ekteskap – i ein enkel og høgtidleg seremoni. Me sørgar for brudebukett, flott musikk, forsangerar, marsipankake, bobler og festkledde vitner (dersom forloverar ikkje skal vera med).

Vil du gifte deg på Valentinesdagen i 2026?

Når de kjem til kyrkja, vil de fyrst få ei kort samtale med presten vår Ragnhild Halden. I samtala leverar de inn gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten, og vel musikk utifrå oppsette alternativ. Vigslane vil foregå fortløpande, men det er òg mogleg å reservere eit konkret tidspunkt ved å kontakte oss på kyrkjekontoret eller soknepresten innan 01.februar.

Vil du gifte deg på Valentinesdagen i 2026?

Drop-in-bryllup kan foregå heilt utan gjester, med dei aller næraste eller for fulle hus. Det bestemmer de sjølve!

Vil du gifte deg på Valentinesdagen i 2026? Vil du gifte deg på Valentinesdagen i 2026?

Før vigselen:
Søk prøvingsattest her!
Prøvingsattesten må være på plass for å kunne utføre ein vigsel.

Pris: Gratis.

Kontaktinformasjon:

Sokneprest Ragnhild Halden
mobil: 992 57 991
e-post: ragnhild@nome.kirken.no

Lunde prestekontor, Lundetunet
Postadresse:
Brugata 5, 3825 Lunde
Tlf: 469 10 186
E-post: kirken@nome.kirken.no

Datolørdag 14. februar
Tidspunktkl 13:00 - 16:00