Telemarkfestivalen 2025

Telemarkfestivalen 2025 – Fy fela for ein festival!

| 8 minutter lesetid

Fy fela som me gledar kånn til Telemarkfestivalen 2025!

Me gledar kånn til eit mangfaldig og godt program med mykje flott folkemusikk! Me gledar kånn til eit spennande tingingsverk og temakonsert i nytt stasbygg på Bø Hotell, me gleder kånn til ein råtøff fredagskveld på Kroa i Bø, me gleder kånn til yrande folkeliv på Torgfestivalen, me gleder kånn til laurdagsmoro i Sandvinparken, me gleder kånn til Borgjakonserten på Evju bygdetun – og  me gledar kånn rett og slett til å skipe til ein fantastisk festival med mange unike og magiske augneblinkar! Og me gleder kånn til å sjå DEG!

Torsdag 07. august

Kl 19:00: Verdspremiere på Bø Hotell under Telemarkfestivalen – For aller første gong vert eit nytt verk framført av ein strykekvintett der alle instrument har understrengar – laga av solisten sjølv, Ottar Kåsa. Tingingsverket Istem, komponert av Vegar Vårdal, utforskar møtet mellom folkemusikk og klassisk musikk, med særleg vekt på lydarslåttar frå Telemark. Det heile skjer i eit heilt nytt format med nye klangar og stort rom for eksperimentering.

Kl 19:00 – 00.00: På Bull Inn vert som vanlig ein akkurat passe vanskeleg festivalkviss med Torgeir Gullbekk Hansen som kvissmeister etterfølgd av konsert med Suigard, ein duo med Vegard Hosarøygard frå Lom på gitar, og Sunniva Langås-Røiland frå Bø på hardingfele. Torsdagskvelden rundast av med ekte americana frå Grammy-vinnar Gill Landry – tidlegare medlem i Old Crow Medicine Show og opphavleg gatemusikant frå Louisiana.

Kl 21:00: Ragnhild Hemsing er kjend som ein allsidig og leiken artist med stor formidlingskraft. Ho er ein meister på både fiolin og hardingfele, og smeltar saumlaust saman folkemusikk og klassisk musikk. No kan du oppleve henne på konsert på Bø Hotell.

Fredag 08. august

Kl 17:00: To konsertar i ein på Konsertlåven i Nordbøvegen 10! Jon Solberg og Anne Gravir Klykken er glade i dialektar, språk, lokalhistorie og det nære knytt til bygdeliv og natur. Duoen tek utgangspunkt i eldre opptak med ulike folkemusikkutøvarar frå Telemark, som vert lagt til grunn for nyskrive tekstar og melodiar. Jon blir verande og Anders Røine kjem til. Dei er gode spelkameratar som har følgd kvarandre med spennande musikalske prosjekt i mange år. I år er dei aktuelle med ein heilt ny konsert som trekkjer liner mellom norsk og amerikansk folkemusikk.

Kl 19:00: I årets opningskonsert vil me møte gitarnestor Knut Reiersrud, me vil møte dei unge damene i ULD, me vil møte den nye duoen Suigard med Sunniva Langås-Røiland og Vegar Hosarøygard, me vil møte Andrea Søgnen og langeleiken hennar, me vil møte gjengen i Folkemusikk fordjuping som viser seg fram med song, dans og spel, me vil møte Byting i eit akustisk trio-format med Per Anders Buen Garnås som gjest, me vil møte Gill Landry som kjem heilt frå Amerika, me vil møte Tone Steinstad som vil framføre eit knippe utvalde folkeviser med familiekomp i ryggen – og sist men absolutt ikkje minst: me vil møte Spelemannslaget Bøheringen og Bø dansarring som avsluttar kalaset. Knut Reiersrud vil formelt opne årets festival, medan skodespelar Hadle Reisæter vil leie oss gjennom konserten med stødig hand! Velkomen til ei nydeleg konfekteske av ein konsert!

Opningskonserten Telemarkfestival 2025. Plakat

Kl 21:00: ULD startar det som garantert vert ein festkveld av rang på Kroa i Bø. ULD er ein fersk trio som består av Une på vokal, Lucia på piano og Dagny på trekkspel som på kort tid har blitt ein av dei store snakkisane i musikk-Noreg med konsertar på fleire store festivalar i sommar. Me er glade for at Telemarkfestivalen er ein av dei. Etter å ha gått tre år på vidaregåande i lag byrja dei først å jamme saman på Toneheim folkehøgskule. Og det kan ein trygt seie har funka veldig bra!

Kl 22:15: Folkemusikk-fenomenet Pumpegris tek med seg ei strålande debutplate til Kroa i Bø med dansbare og fengjande låtar baserte på norsk folkemusikk, pop, punk og vestafrikansk musikk. Teks­tane er brutale, såre og humoristiske, og skildrar skeiv kjærleik, korleis det er å vere ung kvinne og oppvekstens mange vaksesmertar.I ein konsert med Pumpegris vert alt lagt til rette for spinnvill dans med feite låtar, steinharde slåtter og grove tekstar, der vokalist Vera Sonne lene seg mot alt frå kveding til rap, med andre ord det som til ei kvar tid fangar folkemusikkens dansande driv.

Kl 23:30: Ævestaden + Kanaan – To mektige, unge band slår sine musikalske og kreative krefter saman med eit heilt unikt musikalsk resultat. Den psykedeliske power-trioen Kanaan og folkemusikk-innovatørane i Ævestaden er begge blant landets travlaste og mest hylla orkester. Saman kjem dei til Kroa i Bø med ein av 2024 sine råaste utgjevingar; «Langt, langt vekk» – ein heilt eineståande plate.

DJ Daeva snurrar plater i Intimen gjennom kvelden! Ho er ein anerkjend DJ, kunstnar og aktivist fødd og oppvaksen i Teheran.

Laurdag 09. august

Kl 11:00 – 16:30: Velkomen til Torgfestivalen – ein festival i festivalen!! Me gleder kånn til yrande folkeliv på torget med flotte gratiskonsertar, dans, Roheim-parade, spennande marknad og artige aktivitetar for store og små! Det er valår, og me vil difor invitere til ein rein kulturdebatt der dei forskjellige partia vil diskutere aktuelle tema innan kulturlivet. Debatten vert leia av seniorforskar ved Telemarksforsking, Bård Kleppe.

Kl 13:00 – 14.00: Laura Ellestad er hardingfelespelar, forskar og den første folkemusikaren med doktorgrad frå Noregs musikkhøgskule. På Bø Bok og Papir møter ho Anne Svånaug Blengsdalen til samtale om avhandlinga si om norsk folkemusikk i USA – og det kan òg bli ein slått eller to undervegs.

Kl 15:00 – 16:30: Strengemagikarane Mattis Kleppen og Knut Reiersrud møtast for aller første gong på same scene – og det skjer på Konsertlåven i Nordbøvegen 10! Her ventar ei kraftfull og improvisert musikalsk oppleving med bass, gitar, blues, folkemusikk og jazz. Andrea Søgnen frå Hallingdal opnar kvelden med slåttar på langeleik.

Kl 18:00 -19:30: På Bø Hotell vert det temakonsert i høve emigrasjonsjubileet – 200 år sidan første båt med nordmenn drog til Amerika. Halvor Kleppen og Knut Buen deler sterke og morosame historier om telemarkingar i Junaiten, akkompagnert av musikk frå Buen sjølv, samt Laura Ellestad, Mattis Kleppen, Knut Reiersrud og Anne Gravir Klykken.

Kl 19:30: Stein Torleif Bjella kjem endeleg attende til Bø! Laurdagskvelden i Sandvinparken byr på visekunst av høg klasse frå artisten bak Heidersmenn, Nysetmåne og TV-suksessen Hver gang vi møtes. Med sitt unike tekstunivers og musikalske spenn leverer Bjella både sorg og smil – og kanskje eit par tolkingar frå TV2-programmet. Suigard varmar opp frå kl 19.30!

Kl 21:45: Embla & the Karidotters spelar opp til laurdagsfest i Sandvinparken! Med det kritikarroste andrealbumet Off Leash leverer dei røff, filmatisk country med attityde. Bandet vann Spellemann for debuten – no er dei tilbake, tøffare enn nokon gong.

Kl 23:00: Byting er tilbake i Sandvinparken – med ny musikk og fullt trøkk! Med hardingfele, bøhering og sterke tekstar er dei sjølve lyden av Midt-Telemark. Forvent telemarkana på sitt beste: viserock med lokal forankring og ekte kjensler.

Telemarkfestivalen 2025 sundagskurs

Sundag 10. august

Kl 11:00 – 14:00: Bli med på mange spennande kurs på Evju bygdetun. Ein deileg lunsj med ureist mat frå Evju bygdetun er inkludert i kursavgifta. Lær kveding, blågras-gitar, munnspel og plantefarging med dyktige formidlarar!

Kl 11:00: Bli med på kulturtur til Slettelibergja i samarbeid med Bø Turlag! Felles avgang frå parkeringa i Liheia. Turen er lettgått og passar for alle. På toppen blir det konsert med duoen Suigard. Dei som vil, kan gå vidare til Bryggefjell for storslått utsikt. Gratis!

Kl 13:00-14:00: På Bø Bok og Papir vert det konsertføredrag om felemakaren Olaf G. Helland, 150 år etter han vart fødd. Kjell Christian Midtgaard fortel om Helland og tradisjonen han var del av, medan Lars Ingar Meyer Fjeld spelar slåttar på feler laga av meistermakaren frå Bø.

Kl 15:00: I årets Borgjakonsert møtest Ottar Kåsa og Laura Ellestad til eit unikt møte mellom norsk og norsk-amerikansk hardingfeletradisjon. Konserten markerer 200 år sidan norsk utvandring til Amerika, og vert halde på Nye Sjodar – Evju Bygdetun.

Kl 18:00: Amerikanske Dylan LeBlanc avsluttar Telemarkfestivalen 2025 med ein intimkonsert på Bø Bakgård & Basar. Den kritikarroste singer-songwritaren frå Alabama har delt scene med Bruce Springsteen og spelt på Willie Nelson sin festival. Med seg har han multi-instrumentalist Freddy Holm.

👉 Les mer på Telemarkfestivalen sin hjemmeside