lørdag 6. mai, kl 20:00
Gullbring Kulturhus

Bøker i Bø: Ein aften i poesiens teikn

Rune Christiansen vil i samtale med professor i litteraturvitskap ved UiO, Tone Selboe, fortelje om si siste diktsamling: Marginalia til Harriet Löwenhjelm (1887 – 1918).

Samlinga er ein hyllest og ein sorgsong til poeten Harriet Augusta Dorothea Löwenhjelm, og samtidig ein samtale om naturen, om dødens nærvær og om det trøystefulle i trua og i det å dikte. I boka oppstår eit slags overskridande vennskap idet Löwenhjelms dikting får nytt liv gjennom Christiansens tilnærming.

Rune Christiansen (f. 1963) blei ein sentral litterat alt med debuten Hvor toget forlater havet i 1986. Han har utgitt tretten diktsamlingar samtidig som han har utvikla eit stadig meir markant og ekstraordinært prosaforfattarskap, med romanar som Krysantemum (2009), Ensomheten i Lydia Ernemanns liv (2014), Fanny og mysteriet i den sørgende skogen (2017) og Saken med den tapte tidens innfall (2021). Christiansen er har fått ei rekke prisar, bl.a. Dobloug-prisen, Brageprisen og Gyldendalprisen.

Tone Selboe (f. 1959) er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. I 2016 blei Selboe kåra til ein av landets mest inspirerande forelesarar av Morgenbladet. Ho har skrive ei rekke bøker, mellom andre Verdenslitteratur (med Jon Haarberg og Hans Erik Aarset) i 2007 og Hva er en roman? i 2015. Camilla Collett. Engasjerte essays (2013) blei nominert til Kritikerprisen i klassen beste sakprosabok for vaksne. I 2018 utkom Leselyst.

Storsalen intim, Gullbring
Kl. 20.00
Billettar kr 100/50 (elev, student)

Velkommen!

Datolørdag 6. mai
Tidspunktkl 20:00 - 22:00
StedGullbring Kulturhus
AdresseGullbringvegen 34, 3800 Bø