lørdag 26. november, kl 12:00
Bø Museum

Julemesse på Bø Museum

Velkommen til Julemesse på Bø Museum laurdag 26. og sundag 27. november kl 12-17!

Bø Museum ønskjer velkommen til tradisjonell julemesse på Oterholt siste helga i november.

I Åsestugo er det sal av nybaka brød og julekake, kransekaker, kling og andre matprodukt. På Pakkbua / Åheim er det julebutikk; sal av Bø-kalenderen 2023, ost frå Lega i Rauland, bøker og ulike gåveartiklar; som strikkeprodukt, trearbeid. Tore Torsdalen er på plass med bl a gamle lamper.

Polen kafe er open; sal av graut laurdag og kjøtsuppe på sundag. Kaffi, kling og julekake kan de få kjøpt begge dagar.
Utstillingsbygget er også ope, hardingfeler, folkedrakter og utstillinga “Skogsbruk og bruksskog”.

Velkommen!
Datolørdag 26. november
Tidspunktkl 12:00 - 17:00
StedBø Museum
Adresseoterholtvegen 148, 3802