søndag 19. mars, kl 19:00
Evju Bygdetun

Per Buen Garnås – «Møllarguten»

Sidan hausten 2021 har Per Anders Buen Garnås reist rundt med tre konsertar. No er det endeleg duka for at desse konsertkåseria vert å høyre på heimebane i Midt- Telemark.

Trilogien tek for seg tre av dei store stilskaparane innan slåttespelet i Telemark på 1800-talet; høvesvis Møllarguten, Gibøen og Fykeruden, der ein vert betre kjend med dei tre meistaranes liv og musikk gjennom ord og tonar.

MØLLARGUTEN
I den fyrste av dei tre konsertane med vert me presentert og betre kjend med kanskje den aller mest kjende spelemannen på hardingfele gjennom tidene; Torgeir Augundsson, betre kjend som Møllarguten. Møllarguten vart fødd i Sauherad, men flytta etterkvart til Arabygdi i Vinje. Han vart gjennom spel i gjestebod og andre tilstelningar ei stjerne i Telemark, og etter kvart i resten av landet. Han vart den fyrste som tok hardingfela opp på ei konsertscene, med hjelp av venen og beundraren Ole Bull. Denne konserten er vigd livet til Møllarguten, på godt og vondt, ført i penn, tale og hardingfele av Per Anders Buen Garnås.

OM PER ANDERS BUEN GARNÅS
Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk (1933-2021) og Knut Buen (f. 1948). Han har elles gått i lære hjå og lete seg inspirere av mange gode spelemenn innanfor ulike tradisjonar – særleg i Telemark. Han har også vunne Landskappleiken fire gongar.

Obs! Dørene åpner kl 19:00 med konsertstart kl 19:30. Born og ungdom til og med 20 år har gratis inngang.

Per Anders Buen Garnås – «Møllarguten»
Sundag 19. mars, kl 19:30, Nye Sjodar
200,- inkl. bill.avg.a 

Kjøp din billett her!

Velkommen!

Datosøndag 19. mars
Tidspunktkl 19:00 - 22:00
StedEvju Bygdetun
AdresseSætrevegen 44, 3810 Gvarv