lørdag 27. mai, kl 09:00
Bø Hotell

Stjerneløp med Mercedes-Benz

I Pinsehelga blir det mange flotte gamle Mercedesar i Midt-Telemark og Nome.

Då arrangerer Mercedes-Benz Klubben sitt årlege Stjerneløp, eit løp som flyttar seg rundt om i landet og blir arrangert på ulik stad kvart år.

Årets arrangement har hovudsete i Bø med bortimot 100 bilar frå fleire land og dei vil mellom klokka 09 og 14 på Pinseafta (27. mai) køyre ei rundløype på 70 km med stopp i Lunde, på Vrangfoss, Ulefoss og Teksten Camping.

Det blir gode høve til å studere bilane både undervegs i løypa, på stoppestadane, og ved hovudsetet for løpet som er Bø Hotell.

Velkommen!
Datolørdag 27. mai
Tidspunktkl 09:00 - 14:00
StedBø Hotell