onsdag 10. august, kl 19:00
Gullbring Kulturhus

Telemarkfestivalen 2022 | Bjørn Tomren

90 uforglemmelege minutt med Bjørn Tomren!

Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med eit unikt uttrykk og ei eineståande formidlingsevne vart Tomren omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er også kjent frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine som trimma lattermusklane til publikum på Telemarkfestivalen i 2017 i nesten tre timar!.I 2019 gav Bjørn ut sitt fyrste album, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at ein kan drukne i den». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi-country som du kan lytte til i bakrus.

Som ein av landets mest allsidige musikarar spenner Tomren si musikalske rekkjevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesang, dialekt-punk og psykedelisk-protest musikk.

Stjernekamp er ikkje den fyrste konkurransen der Tomren gjer seg bemerka. Han har vunne prisen som «Best Act of The Year» på legendariske Joe’s Pub i New York og i 2017 deltok han i verdsmesterskapen i strupesang i Tuva der han vann ein bronsehest. I bandet til Tomren finn me óg bøhering Anders Bitustøyl.

Har du 90 minutt til overs, så er dette defintivt ein av dei betre måtane å bruke dei på!

Medverkande:
Bjørn Tomren – vokal, gitar
Åse Britt Johansen – vokal, gitar
Hans Olav Molde – trommer, dobro, vokal
Einar Sogstad – tangenter, vokal
Anders Bitustøyl – bass, vokal

Kjøp dine billetter her

Velkommen!
Datoonsdag 10. august
Tidspunktkl 19:00 - 22:00
StedGullbring Kulturhus
AdresseGullbringvegen 34, 3800 Bø